Schiehallion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Schiehallion (skotsk-gælisk Sìdh Chailleann) er eit fjell i Perth and Kinross i Skottland. Schiehallion har eit rikt planteliv, interessante arkeologiske funn og er ein unik stad i vitskapshistoria etter eit eksperiment på 1700-talet for å «vege jorda».
Schiehallion ligg mellom Loch Tay og Loch Tummel, 15 km nord for Aberfeldy i Perthshire.[1] Fjellet har ei høgd på 1083 meter over havet og er isolert frå andre fjell. Fjellet har ei nesten perfekt kjegleform sett frå vest.
Schiehallion vert stundom skildra som senteret i Skottland.
Sidan 1999 er austsida av fjellet eigd av selskapet John Muir Trust.
Remove ads
Schiehallion-eksperimentet
Schiehallion ligg fråskild frå andre fjellområde og har ein særs regelmessig form. Dette førte til at Charles Mason i 1774 valde dette fjellet som kandidat til eit eksperiment som for første gongen skulle fastlå ein verdi for den gjennomsnittlege tettleiken til jorda og dermed den samla massen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads