Sderot

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sderot
Remove ads

Sderot (hebraisk skrift שְׂדֵרוֹת) er ein by vest i Negev i Det sørlege distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han mot slutten av 2011 eit folketal på 24 000.[1] Byen har stadig vore eit mål for Qassam-rakettar frå Gazastripa sidan 2001.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Sderot ligg mindre enn 1 km frå Gaza (det næraste punktet er 840 m).[2] Rakettåtak mot byen har teke livet av 13 israelarar fram til 2008, skadd dusinvis og ført til millionar av dollar i skadar, i tillegg til å ha hatt stor innverknad på dagleglivet.[3] Studiar har vist at flysirenene og eksplosjonar har ført til psykologiske traume hos enkelte innbyggjarar.[4] Frå midten av juni 2007 til midten av februar 2008 vart det avfyrt 771 rakettar og 857 granatar mot Sderot og det vestlege Negev, i snitt 3-4 kvar dag.[5]

Remove ads

Historie

Sderot vart grunnlagd i 1951 som ein transittleir for kurdiske og persiske jødiske immigrantar, som budde i telt og skur under den jødiske utflyttinga frå muslimske land. I 1954 stod permanent bustadhus ferdige.[6] Han vart bygd på landområdet som høyrte til den palestinsk-arabiske landsbyen Najd[7] og ligg nokre få kilometer sør for ruinane av denne landsbyen. Den 13. mai 1948 vart Najd okkupert av Negev-brigaden som ein del av Operasjon Barak, og landsbybuarane vart drivne bort[8] til Gaza. I 1956 fekk Sderot status som lokal kommune.[9]

Sderot fekk eit symbolsk namn, etter dei mange avenyane med rekkjer av tre som vart planta i Negev, særleg mellom Beer Sheva og Gaza, for å motverke ørkenspreiing og gjere det tørre landskapet vakrare. Som mange stader i Negev har namnet Sderot eit grønt motiv som symboliserer mottoet «lage ørkenblomen», ein sentral del av sionistisk ideologi.[10]

Thumb
Skule i Sderot, tidleg 1950-åra

Sderot tok i mot store mengder immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen i 1990-åra, og folketalet dobla. I 1996 fekk han bystatus.

Folketalet har sidan falle etter familiar lei av bombetrugselen frå Gaza har flytta. I 2008 hadde folketalet falle 10-15%. Mange av familiane som var att var dei som ikkje hadde råd til å flytte, eller ikkje klarte å selje heimane sine.[11]

Remove ads

Venskapsbyar

Sderot er venskapsby med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads