Sdot Yam

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sdot Yam
Remove ads

Sdot Yam (hebraisk skrift שְׂדוֹת יָם, tyder Sjøslettene) er ein kibbutz i Haifa distrikt i Israel ved kysten av Middelhavet.

Kjappe fakta Land, Region ...

Han vart grunnlagd i 1936 og flytta til den noverande staden på sørsida av den gamle byen og dei arkeologiske ruinane av Caesarea, i 1940. Kibbutzen høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune, og hadde eit folketal på 682 i 2006.

Remove ads

Historie

Thumb
Dahn Ben-Amotz i Sdot Yam, 1946.

Sdot Yam vart grunnlagd i 1936, i regionen Krayot, like sør for Haifa. Han vart grunnlagd etter ønske frå David Ben-Gurion i tida då britane nekta jødar å kome inn i Palestina. Samfunnet baserte seg tilsynelatande på fiske, men var i røynda ein base for Palyam for å smugle inn ulovlege emigrantar.

I 1940 vart kibbutzen flytta til den noverande staden sør for Caesarea. Dei nye innbyggjarane var ein gar'in frå Mahanot HaOlim ungdomsgruppe.

Remove ads

Økonomi

Kibbutzen baserte seg opphavleg på fiskeri, men heller i dag meir mot jordbruk. Her er det banan-plantasjar, avokadotre og mjølkekyr. Den største arbeidsgjevaren i kibbutzen er Caesarstone Sdot-Yam Ltd..

Turisme er òg ei stor næring i kibbutzen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads