Sean Connery
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sir Thomas Sean Connery (25. august 1930–oktober 2020), betre kjend som Sean Connery, var ein skotsk skodespelar som særleg er kjend for å ha spelt James Bond i dei første filmane om den hemmelege agenten. I 1987 vann han ein ein BAFTA for Rosens navn, og året etter fekk han ein Oscar for si rolle i The Untouchables. I 2000 blei Connery adla. Han markerte seg også som forkjempar for skotsk sjølvstende frå Storbritannia.
Remove ads
Bakgrunn
Connery vart fødd i Edinburgh i Skottland. Mor hans, Euphemia «Effie» Maclean, var reinhaldar, og faren, Joseph Connery, var fabrikkarbeidar og lastebilsjåfør. Sean var eldstebarnet med ein yngre bror, Neil. Etter endt skulegang arbeidde Connery ei tid som mjølkemann før han verva seg til den britiske marinen. Han blei seinare dimittert på medisinsk grunnlag, og tok ei rekkje strøjobbar, mellom anna som scenearbeidar ved King's Theatre i Edinburgh i 1951. I 1953 fekk han ei mindre rolle i musikalen South Pacific. Han dreiv også med fotball, der han skal ha fått tilbod om å spela for Manchester United, og kroppsbygging, og var med i Mr. Universe-tevlinga dette året.
Connery var gift med skodespelaren Diane Cilento frå 1962 til 1973 som han fekk sonen Jason Connery med. I 1975 gifta han seg med målaren Micheline Roquebrune. Han budde fleire år i Spania og på Bahamas.
Remove ads
Skodespelar

Ein av Bond sine tidlege filmroller var som ein ung journalist i Another Time, Another Place (1958) mot filmstjerna Lana Turner. Året etter hadde han ei framtredande rolle i Darby O'Gill and the Little People (1959). I 1961 spelte han i BBC sin Anna Karenina-produksjon regissert av Rudolph Cartier.
Etter dette skreiv Connery kontrakt om å spela rolla som den då ukjende helten James Bond i fem filmar. Den første av dei, Dr. No, kom ut i 1962 og innførte ei rekkje seinare kjende klisjear, som introduksjonen «Bond, James Bond». Etter dei første fem filmane spelte Connery også Bond i Diamonds Are Forever (1971) and Never Say Never Again (1983). Alle filmane hadde stor kommersiell suksess.
Av alle Bond-skodespelarane, er Connery den som har hatt størst suksess i etterkant av Bond. Som ein del av avtala med å spele rolla i Diamonds are Forever, fekk Connery frie hender til å delta i to filmar for United Artists. Den første av desse, The Offence, vart begravd av studioet. Han hadde oppgang og nedgang til han fann ei ny rolle som passa — rolla som ein klok eldre mentor, noko han først spelte i Highlander (1986). Rolla hans som ein tøff irskfødd politimann i The Untouchables (1987) førte til hans einaste oscarnominasjon og -pris.
Nokre seinare roller viser til fortida hans som Bond, til dømes Indiana Jones and the Last Crusade (1989), der han speler far til Indiana Jones, som blei skapt etter inspirsjon frå Bond-filamen, og som ein britisk hemmeleg agent som har vore fengsla i fleire tiår i The Rock (1996).

Remove ads
Politisk og sosialt engasjement
Sean Connery markerte kjærleik til heimlandet sitt på ulike vis. Sidan ungdommen hadde han ei tatovering som seier «Scotland Forever», i tillegg til ei som seier «Mum and Dad».[1] I 1971 skipa han Scottish International Education Trust og gav løninga si for Diamonds Are Forever på ein million pund til henne.
Connery gjekk på 1990-talet inn for skotsk sjølvstende. Han var medlem av Scottish National Party, og støtta partiet gjennom frammøte ved tilstellingar og pengegåver. Denne politiske aktiviteten skal ha ført til at adlinga av han blei utsett i fleire år. Då han endeleg blei utnemnd til Knight Bachelor av den britiske dronninga i 2000, fann seremonien stad i Edinburgh, med Connery kledd opp i kilt.[2]
Filmografi
James Bond
Connery er mest kjend for rolla si som James Bond. Han spelte Bond første gongen i Dr. No (1962) og har spelt Bond i sju andre filminnspelingar.

¤ Denne filmen er ei uoffisiell utgåve, ei gjeninnspeling av Thunderball
Etter James Bond
¤ For denne rolla vann han ein BAFTA-pris
¤¤ For denne rolla vann han ein Oscarpris for beste mannlege birolle
Remove ads
Prisar og utmerkingar

Foto: Alan Light
- 1964/1965/1966: Laurel Award, «Top Male New Face» og «Action Performance» i Goldfinger og Thunderball
- 1966/1967 Bravo Otto
- 1972: Golden Globe Award
- 1982: ShoWest Award som «Worldwide Star of the Year»
- 1985: Bambiprisen
- 1986: Jupiterprisen
- 1987: Oscarpris, Golden Globe Award, National Board of Review Award (NBR Award) og KCFCC Award for beste mannlege birolle i The Untouchables
- 1987: Deutscher Filmpreis for Rosens navn
- 1988: BAFTA Award for Rosens navn
- 1989: Jupiterprisen
- 1989: «Sexiest Man Alive»
- 1991: Den franske æreslegionen (Légion d’Honneur)
- 1995: Saturn Award for sitt livsverk
- 1996: Golden Globe Award (Cecil B. DeMille Award) for sitt livsverk
- 1997: MTV Movie Award for samspelet med Nicolas Cage i The Rock
- 1997: Blockbuster Entertainment Awards for The Rock
- 1998: British Academy Fellowship
- 1999: European Film Award for Entrapment
- 1999: ShoWest Award for sitt livsverk
- 2000: Utnmend til Knight Bachelor av den britiske dronninga
- 2005: Ærespris av European Film Awards
- 2006: AFI Life Achievement Award
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads