Sebastian Bayer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sebastian Bayer
Remove ads

Sebastian Bayer (fødd 11. juni 1986) er ein tysk friidrettsutøvar frå Aachen som vart europameister i lengdehopp under EM i friidrett 2012. Både i 2009 og 2011 vann han lengdetevlinga i innandørs-EM. Personlege bestenoteringar er 8,71 m innandørs, og 8,49 m utandørs.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Bayer vart tysk meister i lengdehopp i 2006, men lukkast ikkje å nå finalen under friidretts-EM same året. Også i 2008 vann han den tyske meistertittelen, med personleg utandørsbeste på 8,15 m, men heller ikkje under Sommar-OL 2008 var han i nærleiken av kvalifisere seg til finaletevlinga.

Tidleg i mars 2009, fem månader før VM 2009 i Berlin, smelte Bayer til med heile 8,71 m, ny innandørs europarekord med 15 cm, då han vann EM-gullet innandørs i Torino. I den tyske friidrettsmeisterskapen i Ulm 4. juli 2009 vart han tysk lengdemeister for tredje gong, vinnarhoppet på 8,49 m er det lengste han har prestert utandørs. Ein skade i ein fot hindra Bayer i å yte sitt beste under Berlin-VM, så han makta ikkje å kvalifisere seg til lengdefinalen.

I 2011 forsvarte Bayer i Paris EM-tittelen innandørs med eit bestehopp på 8,16 m. Seinare på året vart han nummer åtte då VM fann stad i Sør-Korea. Bayer vart i 2012 tysk meister for femte gong, og i EM-tevlinga i Helsingfors vann han ei klar siger etter å ha landa på 8,34 m i sitt lengste hopp. Nokre veker seinare kom han på femteplass i lengdetevlinga under OL i London. I 2013 enda han som niandemann i lengdehopp under VM i Moskva.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Thumb
Bayer under innandørs-EM 2011
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads