Secret Intelligence Service

From Wikipedia, the free encyclopedia

Secret Intelligence Service
Remove ads

Secret Intelligence Service (SIS), tradisjonelt kalla MI6,[1] er den sivile utanriksetterretninga i Storbritannia. Han har som oppgåve å innhente opplysingar av tyding for tryggleiken i Storbritannia i utlandet,[2] i motsetnad til MI5, som er ansvarleg for innanriksetterretning.

Kjappe fakta Skipa, Hovudkontor ...
Thumb
Hovudbygninga til MI6, Vauxhall Cross ved Themsen.

Verksemda til SIS er svært hemmelig. Berre leiaren har ein offentleg kjend identitet.[2] Leiaren heitte i 2017 Alex Younger.[3]

Remove ads

Historie

MI6 vart etablert i 1909.[4] Nemninga MI6 stammar opphavleg frå Military Intelligence section 6, men organisasjonen er idag heilt sivil og underlagt Foreign and Commonwealth Office, som er det britiske Utanriksministeriet. SIS står under kontroll av Parlamentets sikkerhetskomité, og dei rettslege rammene for verksemda er regulert i Intelligence Services Act frå 1994.[2]

Tidlegare signerte alle direktørar for MI6 alle dokument med berre «C», etter MI6 sin fyrste sjef, Mansfield Smith-Cumming (C for Cumming). Dette fordi identiteten deira skulle vera løynd. Dette vart endra i 1950-åra.

MI6 hadde omkring 200 agentar i det okkuperte Norge under andre verdskrigen,[5] mellom andre Oluf Reed Olsen, Einar Johansen, brørne Snefjellå og Alfred Nilsen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads