90377 Sedna
asteroide From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
90377 Sedna (symbol: )[6] er eit transneptunsk-objekt oppdaga av Michael Brown (Caltech), Chad Trujillo (Gemini Observatory) og David Rabinowitz (Yale University) den 14. november 2003. Då objektet blei oppdaga var det det fjernaste solsystemobjektet ein kjende til.
Remove ads
Fysiske eigenskapar
Sedna har ein estimert diameter på omtrent 1180 til 1800 km. På oppdagingstidspunktet var det det største objektet oppdaga i solsystemet sidan Pluto blei oppdaga i 1930. Det er no (per april 2008) rekna for å vera det femte største kuipterbelte-objektet av dei ein veit om; rangert etter Eris, Pluto, Makemake og Haumea. Sedna ligg så langt unna sola at temperaturen på overflata aldri når over 33 kelvin, dvs. -240 °C.
Observasjonar ifrå Chile viser at Sedna er eit dei raudaste objekta i solsystemet og er nesten like raud som Mars. I motsetnad til Pluto og Charon ser Sedna ut til å ha særs lite metan- eller vassis på overflata og Chad Trujillo og hans kollegar på Gemini-observatoriet på Hawaii føreslår at Sednas mørkeraude farge kjem av at overflata er dekt av ei slags hydrokarbonsøle, eller tholin, lik den funne på 5145 Pholus.[7] Overflata er homogen i farge og spekter; dette er sannsynlegvis av di at Sedna i motsetnad til objekt nærare Sola mykje sjeldnare kolliderer med mindre objekt som eksponerer lysare terrreng under overflata, slik som på 8405 Asbolus. [8]
Sedna og Triton sine spekter har blitt samanlikna og føreslår den følgjande fellesmodellen for overflatesamansetnad: 24% tholin, 7% amorft karbon, 26% metanolis med 33 % metan. [9]
Remove ads
Banekarakteristikkar
Sedna har ein særs elliptisk bane med ein estimert aphel (fjernaste punkt) på 975 AE og perihel (næraste punkt) på omtrent 76,16 AE. Då Sedna blei oppdaga nærma objektet seg perihel og var ca. 90 AE ifrå sola. På oppdagingstidspunktet var Sedna det fjernaste solsystemobjektet observert så langt; sjølv om banane til nokre objekt, slike som langperiodiske kometar har banar som strekkjer seg lengre ut enn den til Sedna. Desse kometane er likevel små og dermed lyssvake slik at dei ikkje kan observerast anna enn når dei er nære perihel. Ein oppdaga seinare Eris på ein avstand på 97 AE, men Eris kjem likevel ikkje lengre unna sola enn 97,56 AE.
Remove ads
Kjelde
- Denne artikkelen bygger på «90377 Sedna» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2008.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads