Seera
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Seera (arabisk صيرة Ṣīrah), Crater eller Kraytar (arabisk كريتر) er eit distrikt i Aden guvernement i Jemen. Det ligg i eit krater frå ein gammal vulkan i Shamsanfjella. I 2003 hadde distriktet eit folketal på 76 723 menneske.[1]
Dei siste dagane av det britiske styret i 1967, vart Seera-distriktet fokuset i Aden-krisa, stundom omtalt som den siste imperiekrigen. Etter at hundrevis av soldatar gjorde mytteri i den sørarabiske føderasjonshæren den 20. juni, trekte alle dei britiske styrkane seg bort frå krateret. Seera vart okkupet av arabiske soldatar, medan britane blokkerte dei to inngangane. I juli gjekk ein britisk infanteribataljon, leia av oberstløytnant Colin Mitchell frå Argyll & Sutherland Highlanders, inn i Seera og klarte å okkupere heile distriktet utan tap. Likevel følgde det dødelege geriljaåtak, og britane drog frå Aden mot slutten av november 1967, tidlegare enn den britiske statsministeren Harold Wilson hadde planlagt.

Remove ads
Geografi
Klima
Klimaet i Seera er dominert året rundt av subtropiske høgtrykk som gjev mykje tørr luft og sol. Köppen si klimaklassifisering for staden er «ørkenklima».[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads