Seglskip

From Wikipedia, the free encyclopedia

Seglskip
Remove ads

Eit seglskip eller ei seglskute er eit sjøgåande skip kor segl som utnyttar vindkrafta sørgjer for framdrifta. Seglskipa hadde storheitstida si på 1700- og 1800-talet. Etter kvart overtok dampskip og seinare motorskip. For mindre skuter eller båtar med segl, vert nemninga seglbåtar nytta. Men det er ingen klår definisjon på skilnaden mellom båt og skip.

Thumb
SS «Christian Radich», ein såkalla fullriggar
Thumb
Jekter under segl.
Thumb
Jakta «Gjøa»; det fyrste skipet som segla Nordvestpassasjen.
Remove ads

Seglskipstypar

Seglfartøy vert klassifiserte etter riggen og skroget kjem i andre rekke. Ein galeas, til dømes, kan ha same skrog som ei jakt og ein bark kan ha same skrog som ein fullriggar. Namngjevinga er ikkje alltid konsekvent og kan variera etter geografisk område. På nokre veslandsdialeter vart ei jakt ofte kalla ei «jekt», og for å skilja dei to typane kalla ein dei gamle jekterene med råsegl for «bomsegljekter».[1]

Når det ut på 1900-talet vart vanleg å setta inn motor heldt ein ofte fram med å nytta namnet fartyet hadde hatt som seglskute. Dette gjeld spesielt skøyte og kutter; kutter går forresten meir på skroget enn på riggen.

Meir informasjon Master, Råsegl ...
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads