Segura
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Segura (latinsk Thader, arabisk War-Alabiat) er ei elv søraust i Spania. Ho er kring 325 km lang.[1]
Ho spring ut Sierra de Segura[1] ved Santiago Pontones (provinsen Jaén), og renn gjennom Calasparra, Cieza, Murcia, Beniaján, Orihuela, Rojales, før ho munnar ut i Middelhavet nær Guardamar del Segura i provinsen Alicante. Somme av sideelvane hennar er Mundo (som startar nær Riópar), Alhárabe (som starta i Moratalla), Mula og Guadalentín.

Segura er vanlegvis delvis tørka inn, men stundom kan kraftig regn føre til flaum, noko som vanlegvis skjer kvart 6. til 9. år, alltid om hausten.
På 1900-talet har det vore store flaumar i 1946, 1948, 1973, 1982, 1987 og 1989. Sidan 1990 har dei nedre delane av elva vorte kanaliserte og svingar er fjerna. Dette har ført til betre flaumvern. Kanalen vart sett på prøve i september 1997 og oktober 2000 då kraftig regn førte til stor avrenning.

I den øvre delen av elva er det bygd damanlegg som står for kraftproduksjon. Lenger sør bruker ein elvevatnet til kunstig vatning.[1]
Elvesletta heiter Vega del Segura og er eit særs frodig jordbruksområde der det vert dyrka mykje frukt, grønsaker og blomar. Området er delt inn i tre, Alta, Media og Baja (øvre, midtre og nedre).
Segura er ei av dei mest forureina elvane i Europa. Dei siste åra har ein derimot drive omfattande vasshandsaming og installert reinseanlegg som har betra tilhøva i elva.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads