Seicercus

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Seicercus
Remove ads

Seicercus var ei biologisk slekt av små insektetande fuglar klassifisert i bladsongarfamilien, Phylloscopidae, og før det i familien Sylviidae.[1] Frå 2019 er desse songarane omklassifisert og plassert inn i slekta Phylloscopus, etter eBird/Clements Checklist v2019[2] Artane i slekta er distribuert i austlege og sørlege Asia frå nordlege Kina til Timor. Mange av dei meir nordlege artane er trekkfuglar, hekkar i temperert klima og overvintrar i tropane, andre er høgdmigrantar, trekkjer ned frå fjellet om vinteren. Nokre få artar er trekkfuglar i delar av utbreiingsområdet og standfuglar i andre delar.[3]

Kjappe fakta

Seicercus-songarar er små sporvefuglar som varierer i lengd frå 9,5 til 12 centimeter og dei veg rundt 4-9 gram.[3] Alle artar har grøne venger og gul buk, dei fleste har gult bryst òg. Hovudet er enten grått, grønt eller brunt til brungult, og alle artar har striper på krona eller i andletet, og dessutan ein gul eller kvit augering. Kjønna er like kvarandre.

Seicercus-songarar lever av insekt som dei vanlegvis plukkar opp eller fangar med korte, kjappe flygingar.[3] Nokre få arter søkjer føde i fleirartsflokkar. Ulike artar beitar i ulike delar av skogen, nokre, som brunkronesongar finn føda i trekroner, medan sundasongar føretrekkjer underskog og lågare delar av trekroner.

Remove ads

Artslista

Artslista for slekta Seicercus var, etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Gulbrillesongar, Seicercus burkii, Golden-spectacled Warbler, LC, E. Burton, 1836
  • Gråkronesongar, Seicercus tephrocephalus, Gray-crowned Warbler, LC, Anderson, 1871
  • Systersongar, Seicercus soror, Plain-tailed Warbler, LC, Alström & Olsson, 1999
  • Sitronsongar, Seicercus omeiensis, Martens's Warbler, LC, Martens, Eck, Päckert & Sun, 1999
  • Himalayasongar, Seicercus whistleri, Whistler's Warbler, LC, Ticehurst, 1925
  • Mosesongar, Seicercus valentini, Bianchi's Warbler, LC, E. Hartert, 1907
  • Kvitbrillesongar, Seicercus affinis, White-spectacled Warbler, LC, Hodgson, 1854
  • Gråkinnsongar, Seicercus poliogenys, Gray-cheeked Warbler, LC, Blyth, 1847
  • Brunkronesongar, Seicercus castaniceps, Chestnut-crowned Warbler, LC, Hodgson, 1845
  • Brunhovudsongar, Seicercus montis, Yellow-breasted Warbler, LC, Sharpe, 1887
  • Sundasongar, Seicercus grammiceps, Sunda Warbler, LC, Strickland, 1849
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads