Seil i Skottland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Seil i Skottland
Remove ads

Seil (skotsk-gælisk Saoil) er ei øy i Slate Islands på austsida av Firth of Lorn, 11 km sørvest for Oban i Skottland.

Thumb
Frå landsbyen Ellenabeich over Easdale Sound til Scarba.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Seil har vore landfast til det skotske fastlandet sidan 1792Clachan Bridge vart bygt av ingeniør Robert Mylne. Ho vert òg kalla «Brua over Atlanteren» og er framleis i bruk i dag. Tidleg på sommaren er ho dekt av revebjøller.

Den største landsbyen på Seil er den tidlegare gruvelandsbyen Ellenabeich, der delar av Ring of Bright Water vart filma. Ellenabeich Heritage Centre opna i 2000 og vert drive av Scottish Slate Islands Trust. Senteret ligg i eit tidlegare gruvearbeidarhus og syner livet her på 1800-talet med gruvedrift, lokalt plante- og dyreliv og geologi.[1] Ein annan landsby er Balvicar. Det går båtsamband frå Ellenabeich til Easdale og frå Cuan på øya til Luing.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads