Seim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Seim er ei bygd og tettstad i Alver kommune i Nordhordland. Tettstaden hadde 452 innbyggjarar 1. januar 2023. Staden har eigen barneskule og kyrkje, bygd i 1878.
Seim er ei bygd med lang historie. Namnet kjem av norrønt Sæheimr (sjór/sjár/sær er norrønt for ‘sjø’). Her låg det i vikingtida ein kongsgard som blir knytt til Harald Hårfagre og andre kongar i Norgesveldet. I følgje tradisjonen er Håkon den gode gravlagd i Håkonshaugen på Seim. Håkonshaugen blir i dag ofte brukt som arena for diverse skodespel, men er mest kjent for oppsetninga av Håkonarspelet. På Seim finn ein òg Strilamuseet i det gamle meieriet.
Ikkje langt frå Seim, rundt fire kilometer frå fjordbotnen på vestsida av Seimsfjorden, ligg Vollom, som er den nordlegaste bøkeskogen i verda.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads