Selevkid-dynastiet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Selevkiddynastiet (frå gresk Σελεύκεια, Seleύkeia) var ein gresk-makedonsk hellenistisk kongefamilie som herska over Selevkidriket som vart grunnlagt av Selevkos I Nikator då det veldige riket til Aleksander den store vart oppdelt etter han døydde i 323 f.Kr.[1]
Det siste hundreåret til selevkiddynastiet var prega av uro og dynastiske krigar som veikte og fragmenterte riket. Likevel heldt selevkidkongane fram å styre ein stadig mindre stat frå Syria fram til den armenske kongen Tigranes I av Armenia invaderte og til riket endeleg vart velta av den romerske hærføraren Pompeius i 64 f.Kr.
Satrapen av Babylonia, skjeringspunktet mellom aust og vest, var Selevkos I Nikator og ein formidabel administrator som snart bygde seg eit solid nettverk av lokale støttespelarar. Etter fleire krigar med den leiande diadoken Antigonos I Monofthalmos («den einøygde»), krona Selevkos seg sjølv til konge i Babylonia i år 306 f.Kr. I ein alder av 80 år vart Selevkos myrda av ein flyktande egyptisk prins, men trona gjekk vidare til Antiokos I Soter (281–261 f.Kr.), sonen hans med den persiske adelskvinna Apama, og deretter til sonen Antiokos II Theos (261–246 f.Kr.), som herska som store kongar frå Samarkand til Egearhavet.
Antiokos III den store var den siste som kravde den persiske tittelen storkonge. Han sigra over Egypt for deretter å kunne invadere det greske fastlandet, men mista folk og territorium i det katastrofale slaget om Magnesia i 190 f.Kr. Antiokos III drog austover for å skaffe seg ny inntekter, blant anna plyndra han tempelskattane, men det fekk han drepen i Luristan i det vestlege Persia (Iran) og skadde for alvor lojaliteten til dynastiet.
Antiokos IV Epifanes (175-164 f.Kr.), kjent i historia for konflikten sin med jødane (oppstanden til makkabearane), starta ein innleiingsvis vellukka militærkampanje i Persia, men døydde på vegen.
I 140 f.Kr. samla selevkidkongen Demetrios II Nikator alle ressursane han hadde for å stoppe framrykkinga til partarane. Han var sigrande innleiingsvis og fleire vasallar reiv seg laus frå Mithridates II. Partarane var derimot kjend for den defensive styrken sin i deira eige land og klarte snart å ta selevkidarméen i bakhald og ta Demetrios til fange.
Den siste krigsrunden kom etter at den dugelege Antiokos VII Sidetes, bror av Demetrios II, til slutt klarte å vinne borgarkrigane i leivningane av det selevkidiske riket. Han samla ein enorm hær av leigesoldatar og angreip partarane med stor iver. Etter tre sigrar hadde han frigjort Babylonia og det vestlege Iran og vart allereie samanlikna med Antiokos den store. Om vinteren blei likevel Antiokos VII omringa og drepen av partarkongen Fraates II i eit slag utanfor Hamadan.
Dei siste gjenverande selevkidkongane kontrollerte berre dei stadig minkande områda til Syria. Det siste halve hundreåret deira var prega av endelause borgarkrigar inntil romarane gjorde Syria til ein romersk provins i 64 f.Kr.
Selevkidherskarane
År | Konge | Merknader |
312–281 f.Kr. | Selevkos I Nikator | Krona seg sjølv til konge i 306 f.Kr., myrda av Ptolemaios Keraunos |
281–261 f.Kr. | Antiokos I Soter | Medherskar frå 291 f.Kr. |
261–246 f.Kr. | Antiokos II Theos | Forgifta av Laodike, den første kona si. |
246–225 f.Kr. | Selevkos II Callinicus | Døydde då han fall av hesten sin. |
225–223 f.Kr. | Selevkos III Keraunos | Myrda |
223–187 f.Kr. | Antiokos III den store | Forsvann i eit felttog. |
187–175 f.Kr. | Selevkos IV Filopator | Myrda av ein minister. |
175–164 f.Kr. | Antiokos IV Epifanes | |
164–162 f.Kr. | Antiokos V Eupator | |
161–150 f.Kr. | Demetrius I Soter | |
154–145 f.Kr. | Aleksander I Balas | |
145–138 f.Kr. | Demetrius II Nikator | Første styre |
145–140 f.Kr.? | Antiokos VI Dionysus (eller Epifanes) | |
140?–138 f.Kr. | Diodotus Tryfon | |
138–129 f.Kr. | Antiokos VII Sidetes (eller Evergetes) | |
129–126 f.Kr. | Demetrius II Nikator | Andre styre |
129–123 f.Kr. | Aleksander II Zabinas | |
126–123 f.Kr. | Kleopatra Thea | |
126/125 f.Kr. | Selevkos V Filometor | |
125–96 f.Kr. | Antiokos VIII Grypus | |
114–96 f.Kr. | Antiokos IX Cyzicenus | |
96–95 f.Kr. | Selevkos VI Epifanes Nikator | |
95–92 eller 83 f.Kr. | Antiokos X Eusebes Filopator | |
95–87 f.Kr. | Demetrius III Eucaerus (eller Filopator) | |
95–92 f.Kr. | Antiokos XI Epifanes Filadelfus | |
95–84/83 f.Kr. | Filip I Filadelfus | |
87–84 f.Kr. | Antiokos XII Dionysos | |
83–69 f.Kr. | Tigranes I av Armenia | |
69–64 f.Kr. | Antiokos XIII Asiatikus | |
65–63 f.Kr. | Filip II Filoromaeus | |
50-talet f.Kr. | Selevkos VII Kybiosaktes eller Filometor | |
Sjå òg
- Iranske kongedøme
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.