Seljord kyrkje

From Wikipedia, the free encyclopedia

Seljord kyrkje
Remove ads

Seljord kyrkje er ei langkyrkje frå midten av 1100-talet som står i Seljord kommune i Telemark.

Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...
Thumb
Plasseringa til Seljord kyrkje

Kyrkja vart bygd i 1150-1180 i tidleg romansk stil, vigsla Heilag-Olav. Våpenhuset er truleg leivningane etter ei lita stavkyrkje som vart flytta frå garden Kåvadalen i Nordbygdi i Seljord på midten av 1600-talet.

Byggverket er i stein og har 190 plassar.

På nordsida av kyrkja kan ein sjå eit andlet i veggen, som i fylgje segner skal vera Heilag-Olav. Ei anna segn seier at kyrkja vart bygd av ein tuss, og då han skulle sette på plass spiret på toppen av kyrkjetårnet datt han ned og døydde. Der han datt ned veks det ikkje gras den dag i dag.

Remove ads

Referansar

Bilete

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads