Sellemembran

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sellemembran
Remove ads

Sellemembranar eller plasmamembranar er biologiske membranar som omgjev ei selle. Dei er sette saman av eit dobbelt lipidlag med eit hydrofobt indre, og slepp ikkje inn ion og polare molekyl.[1] Gram-negative-bakteriar har to sellemembranar, ein indre og ein ytre.[2]

Thumb
Illustrasjon av ein sellemembran og tilknytte protein
Thumb
Ulike molekyl kan nå gjennom sellemembranen på ulike måtar

Sellemembranar kan ha mange protein knytte til seg, og det har vore estimert at 30 % av dei proteinkodande gena i menneskegenomet er integrale membranprotein.[3] Mellom desse proteina er protein som kan sleppa inn og ut ion (ionekanalar)[4], vatn (akvaporin)[5] og andre molekyl (til dømes glukosetransportørar[6]).

Remove ads

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads