Semois

elv i Belgia og Frankrike From Wikipedia, the free encyclopedia

Semois
Remove ads

Semois (fransk Semoy, tysk Sesbach, vallonsk: Simwès) er ei elv i Belgia og Frankrike, og ei av sideelvene til Maas frå høgre. Ho har sitt utspring i Arlon, i den belgiske provinsen Luxembourg, nær grensa til staten Luxembourg. Semois renn stort sett vestover, og kryssar grensa til Frankrike 26 km før ho munnar ut i Maas i byen Monthermé. Den totale lengda hennar er 210 km. Byar langs Semois er Chiny, Florenville, Herbeumont, Bouillon (inkludert Dohan og Poupehan) og Vresse-sur-Semois med Bohan sur Semois som den mest kjende landsbyen.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Namnet kjem frå det germanske ordet sach, som tyder punkt og mari som tyder vatn. Namnet vart skrive som Sesomirs i 664, Sesmarus i 950, Sesmoys i 1104 og Semoir i 1244.

Elva har òg gjeve namn til ein tobakk som veks i området.

Remove ads

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads