Senjahopen

tettstad i Troms From Wikipedia, the free encyclopedia

Senjahopen
Remove ads

Senjahopen, også skrive Senjehopen, er ein tettstad og eit fiskevær i Senja kommune i Troms. Tettstaden ligg ved Hopsvatnet, ein sørgåande arm av MefjordenSenja, og har 252 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

I fiskeværet, som har ei god naturleg hamn, er størsteparten av sysselsettinga knytt til fiske, fiskeoppdrett og fiskeforedling. Senjahopen har to vegsamband til Silsand ved Gisundet på innersida av Senja, ein via fylkesveg 862 og fylkesveg 861 over Mefjordbotn og Gibostad og ein annan via fylkesveg 862 og fylkesveg 86 over Ersfjorden, Bergsbotn og dei sentrale delane av øya. Frå Silsand fører fylkesveg 86 i bru over Gisundet til Finnsnes på fastlandet.

Namnet kjem av Senja, og norrønt hóp, 'smal, (innestengt), vik' og siktar til Hopsvatnet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads