Sentimentai

song frå 2022 med Monika Liu From Wikipedia, the free encyclopedia

Sentimentai
Remove ads

«Sentimentai» (norsk 'kjensler') er ein elektropop-ballade som er skriven og framført av den litauiske musikaren Monika Liu. Songen vann den litauiske songtevlinga Pabandom is naujo! 2022 og var det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Sentimentai» er ein litauiskspråkleg popballade som er skriven av Monika Liubinaitė, kjend under artistnamnet Monika Liu. Låten handlar om ei kvinne som lever i fortida, og som berre lengtar etter og drøymer om ein romanse frå ungdomstida.[1][2] Songen er produsert av den britiske musikkprodusenten Miles James, og vart gjeven ut 18. januar 2022.[3]

Eurovision Song Contest

I desember 2021 kunngjorde den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija at «Sentimentai» var blant deltakarane i songtevlinga Pabandom is naujo! 2022. Vinnaren fekk representere Litauen i Eurovision Song Contest.

«Sentimentai» deltok i den tredje delfinalen av Pabandom is naujo! 2022 22. januar 2022 og kvalifiserte seg til semifinalen og deretter vidare til finalen laurdag 12. februar 2022.[4] I finalen fekk songen toppoeng frå både juryane og sjåarane, og vann dimed heile tevlinga. Gjennom sigeren vart «Sentimentai» det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.[5] Der enda songen på sjuandeplass i den fyrste semifinalen og til slutt på 14. plass i finalen.[6]

Dette var fyrste gongen sidan 1994 at Litauen stilte med eit bidrag på litauisk, og fyrste gongen sidan 1999 at landet deltok med eit av dei offisielle språka i Litauen. Bidraget frå 1999 vart nemleg framført på den litauiske dialekta samogitisk.[7]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2022), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads