Nordsotho
språk From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nordsotho (Sesotho sa Leboa) er eit bantuspråk eller ei språkgruppe som blir tala i Sør-Afrika, der det også er offisielt språk. Nordsotha har 4 208 940 talarar som hovudsakleg bur i provinsane Gauteng, Limpopo og Mpumalanga. Språket er ofte omtalt som sepedi, ettersom sepedi (eller pedi) er den mest utbreidde varianten. Det er også denne skrifspråket til nordsotho byggjer på. Den offisielle nemninga i dag er nordsotho.

Remove ads
Klassifisering
Nordsotho er nært i slekt med sesotho eller sørsotho, setswana, kgalagadi og lozi.
Språket er delt inn i desse variantane:
- Masemola (Masemula, Tau), Kgaga (Kxaxa, Khaga)
- Koni (Kone)
- Tswene (Tsweni)
- Gananwa (Xananwa, Hananwa)
- Pulana
- Phalaborwa (Phalaburwa, Thephalaborwa)
- Khutswe (Khutswi, Kutswe)
- Lobedu (Lubedu, Lovedu, Khelobedu)
- Tlokwa (Tlokoa, Tokwa, Dogwa)
- Pai
- Dzwabo (Thabine-Roka-Nareng)
- Kopa
- Matlala-Moletshi.
Desse er gjerne rekna som dialektar, men variantane pai,kutswe og pulana er såpass forskjellige at dei somme tider blir omtalt som «austsotho».
Remove ads
Bruk
Nordsotho er undervisingsspråk i grunnskulen. Det blir også send radio og fjernsynsprogram på språket.
Språkdøme
Artikkel 1 frå Menneskerettsfråsegna:
- Batho ka moka ba belegwe ba lokologile le gona ba na le seriti sa go lekana le ditokelo. Ba filwe monagano le letswalo mme ba swanetše go swarana ka moya wa bana ba mpa.[2]
- (Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads