Sergijev Posad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sergijev Posad (russisk Се́ргиев Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar.
Remove ads
Han har opphav på 1400-talet rundt eit av dei største russiske klostera, Troitse-Sergijeva Lavra oppretta av St. Sergij av Radonezj. Busetnaden fekk bystatus i 1742. Sidan namnet på byen, som viser til St. Sergij, hadde sterke religiøse tydingar, endra dei sovjetiske styresmaktene først namnet til berre Sergijev i 1919 og så til Zagorsk i 1930, til minne om den revolusjonære Vladimir Zagorskij. Det opphavlege namnet vart igjen offisielt brukt igjen i 1991.
Turisme er viktig for den regionale økonomien. Det er òg ein stor leketøysfabrikk i byen.
I 1947 oppretta Sovjetunionen sin første fabrikk for å lage biologiske våpen basert på kopar i utkanten av Sergijev Posad.
Jernbane og motorveg mellom Moskva og Jaroslavl går gjennom byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads