Setermoen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Setermoen
Remove ads

Setermoen er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bardu kommune i Troms. Staden ligg i Bardudalen og har 2 540 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Thumb
Frå Setermoen

Språk og kultur er på fleire måtar prega av innvandringa frå Gudbrandsdalen og Østerdalen på 1700-talet. Bardu kyrkje vart ført opp i 1829, og er ein tru kopi av Tynset kyrkje. Her er det også skianlegg for alpint og hopp.

På Setermoen har det vore soldatutdanning sidan 1898. Setermoen garnison er i dag utdanningsgarnison under 6. divisjon med desse avdelingane: panserbataljon, artilleribataljon, sanitetsbataljon og etterretningsbataljon. Like sør for Setermoen ligg Troms Forsvarsmuseum.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Setermoen


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads