Bardu kyrkje
kyrkje i Bardu From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bardu kyrkje ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1829 på Setermoen i Bardu kommune i Troms, og er soknet si hovudkyrkje og garnisonskyrkje. Kyrkja har om lag 220 sitjeplassar, inkludert galleriet.
Kyrkja er bygd som ein kopi av Tynset kyrkje men noko mindre.[1] Omkring 1800 utvandra ein god del frå Nord-Østerdalen til Nord-Norge og særleg til nybyggjarområda i Bardu.[2] Størstedelen av folkesetnaden i Bardu på den tida hadde bakgrunn frå Tynset og Alvdal, og dei heldt kontakt sørover.[3] Dei fleste nybyggjarane som kom til Bardu på 1800-tallet var frå Tynset. Den nyinnflytta byggmester Ole O. Lundberg frå Tynset reiste til si tidlegare heimbygd og teikna av Tynset kyrkje.[4] Bardu kyrkje har preikestolsalter som er eit trekk frå barokk, også dette etter modell av Tynset kyrkje. Interiøret er måla i lyse fargar og har rokokkopreg. Skipet har galleri rundt veggen.[5]
Kyrkja er i dagleg bruk, og i månadane juni-september er ho open på dagtid.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads