Setesdal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Setesdal
Remove ads

Setesdal er ei nemning på dalføret langs Otravassdraget. Vassdraget har utspringet sitt lengst nord i Agder fylke.

Thumb
Åraksfjorden til høgre, Segberg oppe til venstre, Nordenå i framgrunnen.
Foto: Olav Haugetveit

Namnet Setesdal vart opphavleg brukt berre om dei to kommunane lengst nord i fylket, Bykle og Valle. Området sør for dette vart kalla Otrudal. I neste omgang forskauv grensa for Setesdal seg sørover til Bygland med Byglandsfjord. Ein brukte då omgrepa Øvre og Nedre Setesdal.

I dag reknast heile dalføret frå Bykle til og med kommunane Iveland og Evje og Hornnes til Setesdal. Meir enn 50 % av arealet i fylket høyrer til Setesdalskommunane.

Riksveg 9, Setesdalsvegen, går frå Kristiansand i sør, opp gjennom heile Setesdalen til han møter E134 ved Haukeligrend i Telemark i nord. Setesdalsbanen er jarnbanestrekninga mellom Kristiansand og Byglandsfjord i Setesdal. Strekninga var i ordinær drift mellom 1896 og 1962.

I den geistlege inndelinga av landet finst Otredal prosti som omfattar følgjande prestegjeld og sokn langs Otra:

Vennesla prestegjeld

  • Hægeland sokn
  • Vennesla sokn
  • Øvrebø sokn

Evje prestegjeld

  • Evje sokn
  • Hornnes sokn
  • Iveland sokn

Bygland prestegjeld

  • Bygland sokn
  • Årdal sokn i Aust-Adger

Valle prestegjeld

  • Valle og Hylestad sokn
  • Bykle sokn
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads