Seth MacFarlane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Seth MacFarlane
Remove ads

Seth MacFarlane (fødd 26. oktober 1973) er ein amerikansk teiknefilmskapar som mellom anna har laga Family Guy og American Dad. MacFarlane har arbeidd med animasjon, manus, vore produsent, regissør og stemmeskodespelar for ulike fjernsynsseriar. Han har vunne fleire emmyprisar.

Kjappe fakta

MacFarlane er fødd i Kent i Connecticut. Han studerte animasjon ved Rhode Island School of Design, der han blei Bachelor of Fine Arts. Bacheloroppgåva hans, ein film kalla The Life of Larry, blei send til Hanna-Barbera, der han seinare blei tilsett.

Ved Hanna-Barbera arbeidde MacFarlane som animatør og forfattar for Cartoon Cartoons-serien til Cartoon Network. Han arbeidde også med seriane Johnny Bravo, Cow and Chicken og Dexter's Laboratory. I tillegg skapte han «Zoomates», eit program for Oh Yeah! CartoonsNickelodeon.

Remove ads

Verkliste

(ufullstendig)

  • Frå 1999: Family Guy (stemme, manus og produksjon)
  • Frå 2005: American Dad! (stemme, manus og produksjon)
  • Frå 2009: The Cleveland Show (stemme, manus og produksjon)
  • Frå 2008: Hellboy II: The Golden Army (stemme)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads