Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict

song av Pink Floyd From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» er eit musikkstykke skriven og framført av Roger Waters frå Pink Floyd-albumet Ummagumma.[2][3] Det er den lengste tittelen på songane deira.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Lyd og innspeling

Sporet består av fleire minuttar med lydar som liknar på gnagarar og fuglar. Med hjelp av forskjellige teknikar, simulerte Waters desse lydane med røysta si,[4] som å tappe på mikrofonen ved forskjellig snøggleik. Dette vert etterfølgd av Waters som les nokre strofer med overdriven skotsk aksent med kraftig R.[5][6]

Piktane, eller picts på engelsk var eit urfolk i det som no er Skottland, som vart fletta saman med skottar.

Det er ei løynd melding i songen kring 4:32. Spelt på halv snøggleik kan ein høyre Waters sei «That was pretty avantgarde, wasn't it?»[7] Heilt i slutten av talen an ein òg høyre Waters sei «Thank you.»

Eit lite klipp av desse effektane an ein òg høyre i den andre songen til Waters på Ummagumma, «Grantchester Meadows».

« «Det er eigentleg ingenting. Det er konkret poesi. Det var lydar eg laga med stemma og hendene, alt var menneskeskapt - ingen musikalske instrument.»  »

—Roger Waters - University of Regina Carillon-intervju, oktober 1970[8]

Remove ads

I populærkulturen

Man or Astro-man? har ein song kalla «Many Pieces of Large Fuzzy Mammals Gathered Together at a Rave and Schmoozing with a Brick», som er basert på denne songen.

Eit sitat i Karl Edward Wagner-romanen Bloodstone (1975) omtalar songen: «several species of small furry animals gathered together in cave and grooving with a pict.»

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads