Severus Slur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Severus Slur (engelsk Severus Snape) er ein fiktiv person i J.K. Rowling sin serie om Harry Potter. Han er lærar på Galtvort. I den fyrste romanen i serien er han fiendtleg mot Harry og blir den viktigaste motstandaren i dei siste kapitla. Ettersom serien utviklar seg, blir Slurs karakter meir komplisert. Rowling avslørar ikkje hans sanne lojalitet før slutten av den siste boka, Harry Potter og Dødstalismanene. Han er skildra som bleik med kolsvarte auge og feitt, svart hår. I filmane blir Slur spelt av Alan Rickman.

Kjappe fakta
Severus Slur
AliasHalvblodsprinsen, «Snivilus», Sev
Fødd6. januar 1960 (daud 2. mai 1998)
ArtMenneske og trollmann
BlodstatusHalvblods
KjønnMann
HårfargeSvart
AugefargeSvart
HudfargeLys
FamilieTobias Slur (far), Eileen Prince (mor)
Tryllestavukjend
SkytsverjeHind
YrkeLærar i Eliksirar på Galtvort
GaltvorthusSmygard
Skodespelar i filmaneAlan Rickman (vaksen), Alec Hopkins (ungdom) og Benedict Clarke (born)
Fyrste opptredenHarry Potter og De vises stein
Siste opptredenHarry Potter og Dødstalismanene
Lukk

Rowling har sagt at ho fekk inspirasjon til Snape frå ein lærar ho mislikte i barndommen.[1] Namnet hans tok ho frå vegen Severus Road i Clapham[2] og etternamnet frå landsbyen Snape i England.[3] I eit intervju frå 1999[4] og igjen i 2004[5] omtalte Rowling Snape som ein av favorittfigurane sine å skriva.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.