Sevsk

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Sevsk
Remove ads

Sevsk (russisk Севск) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sev, i nedslagsfeltet til Dnepr, rundt 125 km sør for Brjansk.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Sevsk var ein av dei opphavlege byane i Severia og var ein del av Fyrstedømet Tsjernigov frå 1146. I 1356 vart han innlemma i Storhertugdømet Litauen. Sevsk vart til slutt annektert av Storfyrstedømet Moskva i 1585 og vart ei russisk grensefestning. I 1634 motstod byen ei tre veker lang omleiring av den polske arme.

Vidare høyrte Sevsk til forskjellige gubernijaer, mellom anna Kiev, Belgorod og Orjol.

Byen var okkupert av den tyske hæren mellom 1. oktober 1941 og 27. august 1943. I 1944 vart Sevsk ein del av Brjansk oblast.

Remove ads

Fortidsminne

Arkitektoniske minnesmerke inkluderer restane av forsvarsmurane til mellomalderfestninga og kyrkjene Kazanjomfrua (1760) og Kristi himmelfart (1765). Sevsk hadde tidlegare to katedralar, ein frå 1782 og den andre frå 1811. Begge katedralane vart øydelagd under styret til Stalin, men klokketårna står framleis.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads