Shaka Samvat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sjaka-kalenderen (sanskrit, også kalla Shaka Samvat eller Saka Samvat) eller Salivahana-kalenderen er ei tidsrekning frå Sør-Asia som i dag har offisiell status som indisk nasjonalkalender. Ei moderne form av kalenderen har offisielt vore i bruk i India sidan 1957.[1] Kalenderen er ein av fleire hindukalendrar.[2]

Året då kalenderen byrjar svarer til år 78 i den vestlege (gregorianske) kalenderen. Byrjinga av året ligg i månaden tsjaitra, dagen etter vårjamdøgn. Dette svarer til 22. mars i den vestlege kalenderen. Eit år i kalenderen har 365 dagar, 366 ved skotår. Den første månaden (tsjaitra) har normalt 30 dagar, 31 ved skotår. Dei neste fem månadane har 31 dagar kvar, dei andre har 30.[1]

Skotår samsvarer med dei i den gregorianske kalenderen.[2]

Bruk

Kalenderen har vore i bruk på mange gamle inskripsjonar i Sør- og Søraust-Asia.[1] I dag blir han brukt av The Gazette of India, All India Radio og kalendrar og utsegner frå dei indiske styresmaktene, saman med den gregorianske kalenderen.[3]

Kalenderen er også i bruk blant hinduar på Java og Bali. Den stille dagen, nyepi, er ei balinesisk nyttårsmarkering etter denne kalenderen. Nepal bruker ein avleidd kalender, Nepal Sambat.

Opphav

Kalenderen har eksistert i ulike former, både som ein månekalender og som ein lunisolar kalender.[1] I nord starta ein ny månad ved fullmåne og i sør ved nymåne.[1]

Utgangspunktet til kalenderen er omdiskutert. Mange kronologiar plasserer byrjinga med tidspunktet då kong Tsjasktana kom på trona i Gujarat, i år 78.[4] Ein har funne innskrifter gjort under han, datert til år 11 og 52, i Andhau i Kutch. Desse årstala blir tolka som sjakakalenderåra 11 (89 e.Kr.) og 52 (130 e.Kr.).[5]

Andre moglege utgangspunkt for kalenderen er regjeringstida til kong Kanisjka eller faren hans Vima Kadphises av Kusjanriket, kong Sjalivahana av Satavahanariket, Vonones II av Partia eller av Nahapana av Veststaprane.[1][6]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.