Shakin' All Over
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Shakin' All Over» er ein rock and roll-song opphavleg spelt av Johnny Kidd and the Pirates. Han vart skriven av frontmannen Johnny Kidd og nådde førsteplassen i Storbritannia i august 1960. Musikarane på innspelinga var Johnny Kidd (vokal), Alan Caddy (gitar), Brian Gregg (bass), Clem Cattini (trommer), Joe Moretti (sologitar).
Den opphavlege innspelinga vart ikkje ein hit utanfor Europa. I staden vart «Shakin' All Over» kjend i Nord-Amerika etter at The Guess Who spelte inn songen i 1965. Denne utgåva gjekk til topps i Canada og nådde 22. plass i USA.
Utgåva til The Guess Who nådde 27. plass i Australia, men ei anna utgåve med Normie Rowe gjekk heilt til topps her seint i 1965. Denne hitten vart ein av dei mestseljande australske singlane i 60-åra.
Remove ads
Andre utgåver
- Songen vart spelt av Humble Pie på Live at the Whiskey A-Go-Go i 1969.
- Songen er spelt fleire gonger av The Who, kanskje mest kjend på Woodstock i 1969 og på Live at Leeds i 1970.
- Rockebandet The Flamin' Groovies spelte songen i 1971 på albumet Teenage Head.
- Beach Boys sampla vibratogitar-pausen i «Rock 'n' Roll to the Rescue» frå 1986.
- Steve Marriott og Steve Parsons spelte ei utgåve av songen for den kanadiske skrekkfilmen Gnaw: Food of the Gods Part 2 i 1989.
- AC/DC har fortalt at hovudriffet i «Back in Black» er sterkt påverka av songen til Johnny Kidd[1]
Songen er òg spelt av:
- Vince Taylor
- Rose Hill Drive
- Suzi Quatro
- Iggy Pop
- Van Morrison
- The Guess Who
- Brave Belt
- Dee Dee Ramone
- Those Darlins
- The Lords
- Generation X
- The Swinging Blue Jeans
- Bim Skala Bim
- MC5
- Eilen Jewell
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads