Shape of Things to Come
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Shape of Things to Come» er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil for filmen Wild in the Streets, framført av det oppdikta bandetMax Frost and the Troopers i 1968 på albumet deira Shape of Things to Come, med solovokal av Harley Hatcher.[1] Songen kom òg ut utan vokal av Davie Allan and the Arrows. Songen var berre like under to minuttar lang. Songenkom kring 35 år etter H.G. Wells sin The Shape of Things to Come.
Remove ads
Suksess
Songen vart produsert av Mike Curb for exploitationfilmen Wild in the Streets, der skodespelaren Christopher Jones mimer til vokalen til Hatcher.[2] Ein ung Richard Pryor speler trommeslagaren i bandet til Jones. Filen hadde premiere 29. mai 1968.
Samstundes med at filmen kom, vart songen gjeven ut på ein singel i lag med ein annan song frå filmen, «Free Lovin'» (skriven av Guy Hemric og Paul Wibier).[3] Singelen nådde 22. plassen på Billboard Hot 100 i september 1968[4][5] og nådde andreplassen på den kanadiske singellista tidleg i oktober 1968.[6] Songen låg i lag ni veker inne på den amerikanske Billboard-lista.
Songen kom ut som det første sporet på albumet Shape of Things to Come etter at singelen vart blitt ein suksess.
Remove ads
Andre versjonar
Andre artistar som spelte inn songen var:
- George Benson
- Slade[7]
- Rich Kids
- Aorta
- The Graduates
- Third Rail
- Paul Revere and the Raiders
- Glad
- The Pointed Sticks
- Nazareth
- Gary Moore
- The Ramones
- The Fuzztones
- The Urinals
- The Diodes
- Mod Fun
- Roslyn Kind
- The Vice Barons
- Vivian Reed
- Davie Allan and the Arrows
- Marshmallow Overcoat
- Thee Dirtybeats,[8]
- Toxic Reasons
- Hammer and the Nails
- Janelle Monáe.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads