Shawn Johnson
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Shawn Machel Johnson (fødd 19. januar 1992) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar frå Des Moines. Ho vart i 2007 verdsmeister i mangekamp og i 2008 olympisk meister på bom.
Remove ads
Karriere
Johnson deltok i alle fire øvingane då USA vann lagtevlinga under Turn-VM 2007 i Stuttgart. To dagar seinare gjekk ho til topps i den individuelle mangekampen. Ho avslutta meisterskapen med å knipe gullmedaljen i frittståande. Som i Stuttgart-VM var Johnson den einaste på USA sitt lag som ved dei olympiske sommarleikane 2008 i Beijing, ei tevling som enda kinesisk triumf framom USA. I den individuelle mangekampen sikra Johnson seg ein ny sølvmedalje, gullet tok lagkvinna Nastia Liukin. Til sist i OL vann Johnson gull i bom-øvinga og sølvmedaljen i frittståande.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Shawn Johnson East» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2023.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads