Nastia Liukin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nastia Liukin
Remove ads

Anastasia Liukin (fødd 30. oktober 1989), kjend Nastia Liukin, er ein russisk-fødd USA-amerikansk tidlegare turnar, fødd i Moskva. Ho vart olympisk meister i mangekamp under Sommar-OL 2008. Nastia er dotter til turnaren Valerij Ljukin og rytmisk gymnastikk-utøvaren Anna Kortsjeva, han vann OL-gull og ho VM-gull som representantar for Sovjetunionen før dei utvandra til USA.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Liukin vann gullmedaljen i både bom- og skranke-øvinga ved Turn-VM 2005 i Melbourne. To år seinare tok ho i Stuttgart eit nytt VM-gull på bom, samstundes fekk ho VM-gull med USA sitt mannskap i lagtevlinga. Under Sommar-OL 2008 i Beijing sigra ho i mangekampen. Elles i Beijing-leikane sikra ho seg sølv i bom, skranke og i lagtevlinga, medan det vart bronse i frittståande. Omframt dei fem OL-medaljane og dei fire VM-gulla, sanka Liukin fem sølvmedaljar i verdsmeisterskapane 2005, 2006 og 2007.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads