Shelley Winters

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shelley Winters
Remove ads

Shelley Winters (fødd Shirley Schrift, 18. august 192014. januar 2006) var ein prisvinnande amerikansk skodespelar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Shelley voks opp i Brooklyn i New York City. Ho hadde rollar i skodespel teaterskolen sette opp, medan ho arbeidde i butikk og som fotomodell for å kunne betale teaterstudiene. Ho debuterte på Broadway i 1941, og spelte i den første filmen sin, What a Woman!, i 1943. Det store gjennombrotet kom med rolla som ei gravid fabrikkarbeidarske i filmen En plass i solen i 1951.

1970-talet hadde Winters mange suksessar på Broadway.

På slutten av 1980-talet kom memoara til Winters ut. I denne boka skriv ho at ho har hatt kjærleiksaffærer med alle store Hollywoodstjerner, frå Burt Lancaster og Errol Flynn til Marlon Brando.

Winters var open, livleg, temperamentsfull og politisk aktiv. Ho har vunne Oscar to gonger, ved sida av at ho vart nominert for beste kvinnelege birolla for rolla i Poseidon-katastrofen. Vann i 1973 ein Golden Globe for rolla si i katastrofefilmen S.O.S. Poseidon.

Remove ads

Oscar og nominasjonar

  • 1951 - Nominert for pris for beste skodespelarinne (hovudrolle) som Alice Tripp i A Place in the Sun
  • 1959 - Oscar for beste skodespelarinne (birolle) som fru Petronella Van Daan i Anne Franks dagbok
  • 1965 - Oscar for beste skodespelarinne (birolle) som Rose-Ann D'Arcy i Et streif av blått (A Patch of Blue)
  • 1972 - Nominert for beste skuespillerinne (birolle) som Belle Rosa i The Poseidon Adventure

Shelley Winters si stjerne på Hollywood Walk of Fame er plassert ved 1750 Vine Street.

Remove ads

Filmografi (utval)

  • Cover Girl (1944)
  • The Great Gatsby (1949)
  • A Place in the Sun (1951)
  • Saskatchewan (1954)
  • I Am a Camera (1955)
  • The Night of the Hunter (1955)
  • Anne Franks dagbok (1959; Oscar)
  • Lolita (1962)
  • A Patch of Blue (1965; Oscar)
  • The Three Sisters (1966)
  • Harper (1966)
  • Bloody Mama (1970)
  • S.O.S. Poseidon (1972)
  • Blume in Love (1973)
  • Blekksprut (1977)
  • The Magician of Lublin (1979)
  • Elvis - The Movie (1979)
  • Over the Brooklyn Bridge (1983)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads