Sherborne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sherborne er ein marknadsby i det nordvestlege Dorset i England. Han ligg ved elva Yeo i enden av Blackmore Vale, omkring 10 km austom Yeovil. Han er eit populært turistmål blant britar, men nokså ukjent for utanlandske turistar.
Remove ads
Historie
I angelsaksisk tid var byen kjent som Scirburne, som tyder klår straum / elv. Byen vart hovudstad i Wessex, eit av dei sju store kongerika i England i mellomalderen. Kongane Ethelbert og Ethelbald av Wessex er gravlagt i Sherbourne Abbey.
I 705 vart Winchester bispedømme delt mellom Sherbourne og Winchester, og kong Ine grunnla ein katedral for St. Aldhelm, den første biskopen av Sherborne. Bispesetet vart i 1075 flytta til Old Sarum, og katedralen vart knytt til eit benediktinarkloster. På 1400-talet vart klostret brunne ned av borgarane etter strid mellom byen og klostret. Det vart gjenoppbygd mellom 1425 og 1504. Nokre normanniske element er verna. I 1539, i samband med oppløysinga av klostra under reformasjonen, vart det kjøpt opp av sir John Horsey. Katedralen vart då ei anglikansk soknekyrkje.
På 1100-talet bygde Roger de Caen, biskop av Salisbury og rikskanslar i England, eit slott. Det vart øydelagt i 1645 av general Fairfax. Ruinane høyrer til English Heritage. Sir Walter Raleigh bygde ein elisabetansk herregard på eigedomen til slottet, og denne bygningen er no kjent som Sherborne slott.

Foto: Chris Downer
King Edward's public school er ein privatskule som først vart grunnlagt av kong Alfred. Han vart seinare nedlagt, og såg gjenoppretta i 1550 under det noverande namnet sitt. Han brukar nokre av bygningane som tidlegare høyrde til katedralkomplekset. Han blir rekna som ein av dei beste skulane i Storbritannia.
Byen har òg to fattighus frå viktoriansk tid, bygde i mellomalderstil.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

