Shibam

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shibam
Remove ads

Shibam (arabisk skrift شِبَام), ofte kalla Shibam Hadhramaut, er ein by i Jemen. Han har kring 7 000 innbyggjarar og er setet i Shibam-distriktet iHadhramaut guvernement. Byen er kjend for dei høge bygningane sine i leirstein.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Byen vart første gongen nemnd i inskripsjonar på 200-talet.[1] Han var hovudstaden i kongedømet Hadramawt.

Geografi

Sjibam ligg vest i det sentrale området av Hadhramaut guvernement, i ørkenen Ramlat al-Sab`atayn. Hovudvegen går til Sana'a og andre byar vest i Jemen, og til dei austlege områda av landet. Dei nærmaste byane er Seiyun og Tarim, begge i aust.

Arkitektur

Shibam er innskriven på verdsarvlista til UNESCO på grunn av den særeigne arkitekturen. Husa i Shibam er laga av teglstein av gjørme og leire og kring 500 av dei er bustadblokker, frå 5 til 11 etasjar høge,[2] der kvar etasje har eitt eller to rom.[3] Denne arkitektstilen vart nytta for å verne innbyggjarane mot beduinåtak. Shibam har eksistert i kring 1700 år, men dei fleste husa i byen er frå 1500-talet. Mange hus er derimot blitt ombygd mange gonger dei siste hundreåra.

Shibam vert ofte kalla «den eldste skyskraparbyen i verda» eller «ørkenens Manhattan», og er ein av dei eldste og beste døma på byplanlegging basert på prinsippet om å byggje i høgda.[4] Byen har somme av dei høgaste leirsteinsbygningane i verda, somme av dei over 30 meter høge[5], og er dermed tidlege høghusblokker. For å verne bygningane frå regn og erosjon, må ein rutinemessig vedlikehalde veggane med å påføre eit ferskt lag med gjørme.

Den nærliggande byen Tarim inneheld det høgaste byggverket i Wadi Hadhramaut-dalen, ein minaret i leirstein som høyrer til Al-Mihdhar moské. Det er kring 53 meter høgt.[3] Dette er den høgaste minareten sør på Den arabiske halvøya.[6]

Trugslar

Byen vart hardt råka av flaum i 2008.[7] Fundamentet på fleire bygningar i byen vart øydelagde av flaumen og førte til at dei etter kvart kollapsa.[8] Byen var òg eit mål for Al Qaida-åtak i 2009.[9][10]

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads