Shining Tor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Shining Tor er ein ås i Peak District i England, mellom byane Buxton og Macclesfield, på grensa mellom Derbyshire og Cheshire. Toppen er det høgaste punktet i Cheshire med ei høgd på 559 meter over havet. Ordet tor tyder ein høg ås og kjem frå gammalengelsk.[1]
Ein kan nå toppen langs mange stiar, men det er vanlegast å starte frå Goytdalen ved Errwood-reservoaret. Toppen er forholdsvis flat, så sjølv om toppen er høg, er det ikkje like godt utsyn i alle retningar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads