Shiyan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Shiyan (kinesisk 十堰, pinyin Shíyàn) er eit byprefektur heilt nordvest i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 23 727 km² og kring 3,41 millionar innbyggjarar (2003). Shiyan består av to bydistrikt, fem fylke og eitt byfylke. Fjellkjeda Wudangshan strekker seg aust-vest gjennom provinsen.
Shiyan er ein av dei største bilbyane i Kina. Sidan 1975 har ein bygt bilar av merket Dongfeng. Elles er her mange fabrikkar som lagar maskindelar og tekstilar.
Remove ads
Kinas riksveg 209 går gjennom området. Han byrjar i Hohhot i Indre Mongolia, kryssar gjennom provinsane Shanxi, Henan, Hubei, Hunan og endar opp i hamnebyen Beihai i Guangxi. Også Kinas riksveg 316 går gjennom Shiyan. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Shiyan» frå Wikipedia på tysk, den 30. juni 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads