Shogun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Shogun
Remove ads

Shogun (japansk 将軍 shōgun) er ein japansk embetstittel som mesteparten av tida frå 1192 til 1867 viste til den utøvande makta i Japan. I shoguntida var keisaren av Japan berre nominelt statsoverhovud.[1] Dette enda med Meijirestaurasjonen.

Thumb
Sakanoue no Tamuramaro, den andre generalen til å få tittelen shogun.
Thumb
Minamoto no Yoritomo, første shogun under Kamakurashogunatet.
Thumb
Tokugawa Ieyasu, den første Tokugawa-shogunen.
Thumb
Tokugawa Yoshinobu, den siste shogunen.

Ordet «shogun» tyder 'feltherre' eller 'general'. Den komplette tittelen seii taishōgun (征夷大将軍) tyder 'den store generalen som kuar barbarar', det vil seia innfødde ainuar som heldt til på Honshu og Hokkaido.

Remove ads

Tokugawashogunatet

For meir om dette emnet, sjå Edoperioden.

Under Tokugawashogunatet var Japan eit militærdiktatur med shogunen i Edo som den verkelege herskaren i landet. Keisarbyen Kyoto var framleis offisiell hovudstad i landet, men keisarfamilien og adelen rundt han hadde inga reell makt. Under denne perioden isolerte Japan seg frå omverda. Det tillét berre svært avgrensa kontakt med utlendingar i form av nederlandske protestantiske handelsmenn på øya Dejima i hamna til Nagasaki.

Shogunatet byrja slå sprekker på i midten av 1800-talet, og ende til slutt med Meijirestaurasjonen. Etter 250 år fekk keisaren makta attende og shogunatet og samuraiordninga blei avvikla.

Remove ads

Japanske shogunar

Årtala viser til tida då kvar shogun sat ved makta eller hadde tittelen

Meir informasjon Namn, Regjeringsperiode ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads