Språket sjona
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sjona (sjona ChiShona) er eit bantuspråk i nigerkongo-familien. Over 10 millionar menneske i Zimbabwe snakkar dette språket, og dessutan 30 000 i Zambia og 10 000 i Botswana. Folkegruppa som snakkar sjona, vert kalla shonaer. Sjona er saman med ndebele og engelsk offisielt språk i Zimbabwe.
Remove ads
Klassifisering
Sjona er del av sone S.10 i Malcolm Guthrie si klassifisering av bantuspråk; dette er eit dialektkontinuum av nærskylde språk, mellom dei manyika, nambya og ndau i Zimbabwe og sentrale Mosambik, tawara og tewe i Mosambik og ikalanga i Botswana.
Moderne sjona er basert på dialektane til karangafolket i provinsen Masvingo rundt Store Zimbabwe og zezerufolket i nordlege og sentrale Zimbabwe.
Skrift
Sjona har eit skriftspråk med latinske bokstavar. Ortografi og grammatikk vart utarbeidd på 1900-talet og stabilisert på 1950-talet. Den første romanen på sjona, Fesol av Solomon Mutswairo, vart utgjeven i 1957. Det vert undervist i sjona på skular, men det vert ikkje brukt som undervisningsspråk. Det finst litteratur på sjona, og språket er skildra i fleire ordbøker, både eittspråklege og tospråklege (då for det meste sjona–engelsk).
Remove ads
Kjelder
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta torsdag 13. mai 2010, klokka 14:16.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads