Shoot to Thrill

From Wikipedia, the free encyclopedia

«Shoot to Thrill» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Han er det andre sporet på albumet Back in Black frå 1980. Låten er òg det andre sporet på AC/DC Live og AC/DC Live: 2 CD Collector's Edition, og er inkludert på Iron Man 2-albumet.[1] Sjølv om studioversjonen aldri vart gitt ut som singel, er songen ein fanfavoritt og ein gjengangar på klassiske rockestasjonar.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Shoot to Thrill
Song av AC/DC
frå albumet Back in Black
Utgjeve 25. juli 1980
Innspelt April – May 1980
Sjanger Hardrock
Lengd 5:17
Selskap
Komponist Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Tekstforfattar Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Låtskrivar(ar)
Produsent Robert John «Mutt» Lange
Lukk

Musikkvideo

Den 26. januar 2010 vart det sleppt ein ny musikkvideo til «Shoot to Thrill» med eksklusive opptak frå filmen Iron Man 2. Livekonserten som blir brukt i videoen vart filma i desember 2009 på ein konsert i Buenos Aires i ArgentinaEstadio Monumental, som DVD-en Live at River Plate vart filma frå.[1]

Konsertopptak

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Shoot to Thrill (live)
Singel av AC/DC
frå albumet Live at River Plate
B-side

War Machine (live)

Språk engelsk
Utgjeve 16. april 2011
Innspelt Desember 2009
Spelestad River Plate stadion i Buenos Aires
Sjanger Hardrock
Lengd 5:47
Selskap Columbia
Komponist Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Tekstforfattar Malcolm Young, Brian Johnson, Angus Young
Låtskrivar(ar)
Produsent AC/DC
AC/DC-kronologi 
«Money Made»
(2009)
Shoot to Thrill (live) «Play Ball»
(2014)


Lukk

Det er gjeve ut fleire ulike liveinnspelingar av «Shoot to Thrill» offisielt. Ein versjon, spelt inn frå Razors Edge-turneen, vart gitt ut på albumet Live frå 1992. Ein annan versjon, spelt inn frå Donington-konserten i 1991, vart gitt ut på luksusutgåva av 2009-boksen Backtrack. Ei anna framferd, spelt inn på River Plate stadion i Buenos Aires i desember 2009 vart gitt ut som ein 7-tommars singel i avgrensa opplag (B-sida var ei liveframføring av «War Machine» frå det nemnde showet) til Record Store Day 2011, og promoterte live-DVD-en Live at River Plate, som vart gitt ut i mai 2011.

TYding

Då han forklarte den lyriske inspirasjonen sin til låten, hugsa vokalist og dåverande låtskrivar Brian Johnson at han hadde lese ein britisk artikkel om ein nabolagspusher som gjekk daglege rundar (nesten som ein mjølkemann) i forstadane til London og selde narkotika til keisame, einsame og deprimerte husmødrer. Desse ruspåverka husmødrene oppsøkte så dei lokale klubbane og barane for å få seg eit heftig utanomekteskapeleg forhold.

Sologitaristen Angus Young har nyleg kommentert at «nedbrytinga» i songen, som hender like etter hovudsoloen (ein dempa og repeterande treakkordsekvens beståande av ein A-dur-treklang, ein G-dur-treklang og ein D-powerakkord som leiar opp til ein bombastisk outro-solo), var inspirert av klimaksa til trioslagsmålet i klassiske, italienske westernfilmen Den gode, den onde og den grusomme av Sergio Leone. I denne banebrytande scena stirer revolvermennene Clint Eastwood, Lee Van Cleef og Eli Wallach på kvarandre midt på ein kyrkjegard frå borgarkrigen i fleire minutt før dei til slutt skyt kvarandre. Young sa at denne sekvensen i songen var designa for å spegla det faktiske soundtrackvalget «Il Triello» av komponisten Ennio Morricone. Begge komposisjonane blir kjenneteikna av ein langsam, stille oppbygning som aukar i spenning til ein dundrande, katastrofal finale.

Medverkande

AC/DC

Production

Salslister

Meir informasjon Liste (1981), Plassering ...
Liste (1981) Plassering
US Billboard Top Tracks[2] 60
Liste (2012) Plassering
US Billboard Hot Digital Songs[2] 75
Lukk

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Region SalstroféSalstal
Italia (FIMI)[3] Gull 15 000*
Mexico (AMPROFON)[4] Platina 60 000^
Storbritannia (BPI)[5] Gull 400 000^
USA (RIAA)[6] Platina 2 000 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Lukk

Coverversjoner

Låten har òg blitt spilt inn av Halestorm på EP-en deira Reanimate 2.0: The Covers.

Bruk i media

Denne songen har blitt brukt i fleire film- og TV-programm, mellom andre:

  • To reklamefilmar for Call of Duty: Modern Warfare 3.
    • Live-action-reklame med Jonah Hill og Sam Worthington.
    • Reklamefilm i spelet
  • Reklame for filmen XXX: State of the Union.
  • TV-reklame for Will Ferrell-filmen Talladega Nights: The Ballad of Ricky Bobby.
  • Songen dukka opp i filmatiseringa av The Dukes of Hazzard.
  • I introen til det argentinske TV-programmet Caiga Quien Caiga.
  • Han dukkar opp i den første Iron Man 2-traileren og i opningsscenen i filen. I The Avengers] frå 2012 blir han seinare nytta som signaturmelodi for Iron Man når han slår seg saman med Captain America i kampen mot Loki i Stuttgart i Tyskland. Soundtracket til filmen skulle opphavleg innehalde ein versjon av songen framført det kanadiske rockebandet Theory of a Deadman, men den ble av ukjente årsaker fjernet.
  • I introen til den brasilianske versjonen av TV-programmet CQC, Custe o Que Custar.
  • Konsertutgåva var ein av dei to AC/DC-temalåtane til World Wrestling Entertainments 25th Anniversary of WrestleMania. Den andre var "War Machine" fra Black Ice.[7].
  • 2010-reklame for National Basketball League Australia på TV-kanalen One HD.
  • Den første traileren for videospelet NFC. North Battle 2010 brukte songen med innspelt publikum i bakgrunnen.
  • Instrumentalversjonen vart brukt i traileren til Top Gear for sesong 16.
  • Tittelen til låten har også vorte brukt av mange AC/DC-hyllestband.
  • Låten vart brukt i den andre traileren til RED 2.
  • Songen blir brukt i introen til Peter Schiff-radioprogrammet.
  • Episode 4 av Team Four Stars Hellsing Ultimate Abridged .
  • Songen vart brukt i Zombieland: Double Tap.
  • Songen vart brukt i Netflix-filmen Murder Mystery frå 2019.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.