Sick Again
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Sick Again» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975.
Songen vart skriven av Robert Plant om tenåringsgroupiar, eller som han kalla dei, «L.A. Queens», som bandet vart kjende med under turneen deira i USA i 1973.[1] Han syns synd på desse jentene som flokka seg rundt hotellromma for å yte tenestene sine for dei. Vokalen til Plant kan vere noko hard å høyre innimellom, for han er ikkje så langt framme i miksen.
Den aller siste lyden på songen er frå slidegitaren til Jimmy Page som var prosessert med baklengsekko, før ein høyrer eit host frå trommeslagar John Bonham.[1]
«Sick Again» vart ofte spelt på konsertane til Led Zeppelin og var song nummer to på alle konsertane i 1975 og 1977.[1] Han vart òg spela i 1979, men ikkje på europaturneen deira i 1980.[1]
Jimmy Page spelte songen på turneen sin med The Black Crowes i 1999, og ein versjon vart gjeven ut på albumet Live at the Greek.
Remove ads
Medverkande
Andre versjonar
- 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek)
- 2007: Zepparella (Pleasing Pounding)
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads