Siegwald Dahl

tysk målar From Wikipedia, the free encyclopedia

Siegwald Dahl
Remove ads

Siegwald Johannes Dahl (16. august 182715. juni 1902[1]) var ein tysk dyre-, landskaps- og portrettmalar. Han var son av den norske målaren Johan Christian Dahl, og hadde eit nært tilhøve til Noreg.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Bakgrunn

Dahl var fødd i Dresden. Han var son av den norske målaren Johan Christian Dahl og den fyrste kona hans Emilie von Block.[1] Mora døydde kort tid etter fødselen hans. Også den andre kona til J.C. Dahl, Amalie, døydde i barsel, og fleire av syskena hans døydde unge. Berre Siegwald og systera Caroline levde opp.[1]

Thumb
Professor Dahl ved staffeliet, 1848, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Faren var den fyrste læraren hans, og hadde i alle år sterk innverknad over den kunstnariske utviklinga til Siegwald Dahl. Han utdanna seg seinare ved Kunstakademiet i Dresden, der møtet hans med dyremålaren J.F.W. Wegener fekk mykje å seia for han.[1]

Remove ads

Virke

Dahl gifta seg med Catharina Streidl i 1881.[1]

Dahl hadde ei sterk tilknyting til Noreg, og han hadde fleire opphald i landet saman med far sin og også etter at denne var død. Han var ein populær kunstnar i Noreg, og bidrog mellom anna til å utsmykka lystslottet Oscarshall på Bygdøy.[1] Systera Caroline budde i Christiania, der ho var gift med generalkrigskommissær Anders Sandøe Ørsted Bull.[2]

Siegwald Dahl testamenterte ei stor samling av studiane og teikningane til faren til Nasjonalgalleriet og Bergen Billedgalleri.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads