Sierra Nevada i USA

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sierra Nevada i USA
Remove ads

Sierra Nevada er ei fjellkjede som hovudsakleg ligg i den austlege delen av California i USA, med ein del, Carson Range, som hovudsakleg ligg i Nevada. Sierra Nevada er ein del av Kordillerane, ei rekkje fjellkjeder som går gjennom heile Amerika. Fjellkjeda er også kjend som The Sierra.

Thumb
Minaret Lake i Ansel Adams Wilderness i Sierra Nevada.
Kjappe fakta Land, Stat ...

Sierra Nevada strekker seg 650 km, frå Fredonyerpasset i nord til Tehachapipasset i sør. I vest grensar ho til Central Valley, og i aust til Great Basin.

I fjellkjede finst mellom anna det kjende treet General Sherman, det største treet i verda i volum; Lake Tahoe, den største alpine sjøen i Nord-Amerika; Mount Whitney14 505 ft (4 421 m),[1] som er det høgaste punktet i det samanhengjande USA, og Yosemite Valley, danna av isbrear i gammal granitt med ei rekkje høge fossar. Det ligg tre nasjonalparkar her, tjueseks villmarksområde, ti nasjonalskogar og to nasjona monument. Desse områda omfattar Yosemite nasjonalpark, Sequoia nasjonalpark, Kings Canyon nasjonalpark og Devils Postpile National Monument.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads