Sigarett

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sigarett
Remove ads

Sigarett er finhakka tobakk pakka i sylinderforma papir. Sigaretten vert tend i den eine enden og røyken vert innhalert gjennom munnen i den andre enden, som ofte har eit oransje filter.

Thumb
Diagram av ein sigarett.
1. Filter av 95% celluloseacetat.
2. Tipping paper for å dekke filteret.
3. Rullepapir for å dekke tobakken.
4. Tobakk.
Thumb
Tent sigarett på eit askebeger.
Foto: Tomasz Sienicki

Moderne forsking har avdekt ein rimeleg sikker samanheng mellom sigarettrøyking og døyelege sjukdomar som lungekreft, hjartesjukdomar og KOLS. Per i dag vil norske legar fråråde folk å røykje og tilby kurs for å avslutte denne vanen.

Sidan 1. juni 2004 har det vore forbode å røykje på norske utestader med bakgrunn i røykjelova. Vasspiper er tillate å røykje, dersom desse ikkje inneheld nikotin.

Remove ads

Ordsoge

Det norske ordet «sigarett» kjem frå fransk cigarette, av spasnk cigarrito, som tyder 'liten sigar'.[1] Ordet for sigar, cigarro, kan stamma frå mayaordet for røyking, sik’ar.[2] Det spanske cigarro er også sett i samanheng med andre ord, som cigarra, spansk for 'sikade', eller cigarral, 'lysthage'.[3]

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads