Sigrid

kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Sigrid
Remove ads

Sigrid (stundom skrive Sigri) er eit kvinnenamn av norrønt Sigríðr som er samansett av orda for «siger» og «vakker». Ei meir opphavleg form av namnet var Sigfríðr, og dette namnet er òg bruka i nyare tid i forma Sigfrid. Ei vanleg målføreform av namnet er Siri, medan Siren er ei nyare form.

Thumb
Sigrid Eriksdotter Vasa.
Thumb
Sigrid Undset.

Sigrid har norsk namnedag den 12. juni og svensk den 15. september, likt den avleidde forma Siri.

Remove ads

Bruken av namnet

Den eldste bruken av namnet kjend i Sverige er ei runeinnskrift frå 1000-talet på ein stein i Mervalla i Södermanland: Sigrid let reisa denne steinen etter Sven, maken sin. Han hade ofta segla til Zemgale med ein dyrebar knarr, om Domenäs.

I tillegg til Noreg, Danmark og Sverige er Sigrid også mykje brukt i Tyskland medan forma Sigríður er brukt på Island.

Noreg

Sigrid hadde størst utbreiing i Noreg i tiåra rundt 1900, men gjekk kraftig ned i bruk fram mot 1970-åra. Sidan då har bruken av namnet fått ein ny oppsving. I 2007 er det om lag 7 400 nordmenn som har Sigrid som første førenamn.

  • I 1801 var om lag 3800 manntallsførte med namnet Sigri, Sigrid eller Sigrie (sjå òg Siri).
  • I 1900 var om lag 11 200 manntallsførte med namnet Sigrid eller Sigri.
  • Per 1. januar 2007 hadde vel 7500 personar Sigri(d) til første fornamn.
Remove ads

Kjende namneberarar

Fram til mellomalderen

  • Sigrid Eriksdotter Vasa, svensk prinsesse, dotter av Erik XIV og Karin Månsdotter
  • Sigrid Knutsdotter, svensk prinsesse som levde på 1200-talet, gift med Magnus broka.
  • Sigrid Storråde (967-1014), adelskvinne i vikingtida

Moderne tid

  • Sigrid Undset (1882-1949), norsk forfattar
  • Sigrid Hjertén (1885–1948), svensk målar
  • Sigrid Boo (1898-1953), norsk forfattar
  • Sigrid Gurie (1911-1969), norsk-amerikansk skodespelar
  • Sigrid Sundby (1942-1977), norsk skøyteløpar
  • Sigrid M. Hanssen (f. 1966), norsk forfattar
  • Sigrid Bonde Tusvik (f. 1980), norsk komikar og forfattar
  • Sigrid Solbakk Raabe (f. 1996), norsk songar
  • Sigrid Haanshus (f. 2002), norsk songar

Annan bruk av namnet

Sigrid er namnet på ferja mellom Sandnessjøen og Bjørn på Dønna.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Andre kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads