Sigrid Storråde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sigrid Storråde (norrønt Sigríðr (hin) stórráða) var ei nordisk dronning som har ei svært usikker historie. Ifølgje Soga om Olav Tryggvason levde ho frå ca. 967 til ca. 1014 og var dotter av Skoglar-Toste, ein svensk stormmann. Ho blei fyrst gift med Erik Sigersæl og fekk med han den seinare svenske kongen Olof Skötkonung. Seinare i 994 blei ho gift med kong Svend Tjugeskjegg, som ho fekk fem døtrer med, mellom dei Estrid Svendsdotter, mor til Svend Estridsen og halvsyster til Knut den mektige. Ho skal i tillegg ha brent inne Harald Grenske, far til Olav den heilage, og vore trulova med Olav Tryggvason. Frå dette stammar tilnamnet hennar, som betyr ‘stolt’. Det blir òg fortalt at Sigrid nekta å la seg døypa, men var «heidensk som ein hund». Då Olav Tryggvason hånte henne, planla ho krigen som skulle føra til døden hans i slaget ved Svolder.
Ho opptrer i fleire soger og historiske krøniker, men det er usikkert om ho var ein einskild historisk person, eller ein fiktiv person som byggjer på liva til ulike kvinner. Ho er identifisert under fleire namn; til dømes Świętosława, Saum-Aesa og Gunnhilda. Ut frå kjeldematerialet er det vanskeleg å avdekkja autentisiteten av forteljingane i sogene.[1] Det er til dømes foreslått at det var ei slavisk prinsesse som var mor til Olaf Skötkonung, og som seinare gifta seg med Svend Tjugeskjegg. Om ho er identisk med Sigrid Storråde kan ein ikkje bevisa. Skoglar-Toste blir blant anna knytt til Axvalla Hus i Sverige, som kan vore heimen hans.
Remove ads
Tilnamnet «Storråde»
Det blir sagt at Sigrid fekk tilnamnet sitt storráda (hovmodige, stolte), då ho lét Harald Grenske bli brunnen inne for å avskrekka andre småkongar frå å fri til henne.
Krønikene
Fleire samtidige krøniker fortel at Harald Sveinsson og Knut den mektige hadde ei slavisk mor, frå Polen eller eit naboområde. Dei støttar derfor teorien om at Sigrid i røynda var dotter av den polske kongen Mieszko I av Polen, sjølv om ein samtidig ikkje kan utelukka at ho var ein annan person som fekk namnet Gunhild. Kjeldene som støttar hypotesen om den polske identiteten til Sigrid omfattar følgjande:
- Thietmar skriv at Mieszko I si dotter, systera til Boleslav I av Polen, gifta seg med Svend Tjugeskjegg og fødde to søner, Knut og Harald. Han nemner likevel ikkje namnet hennar. Thietmar blir normalt rekna som den best informerte av dei krønikeskrivarane i mellomalderen ettersom han levde samtidig med hendingane han skreiv om og var velinformert om forhold i båtde Polen og Danmark.
- Adam skriv at ei polsk prinsesse var gift med Erik Sigersæl, og at ho var mor til Knud den mektige og Harald II av Danmark. Nokre historikarar oppfattar i dette tilfellet Adam som upåliteleg.
- Gesta Cnutonis regis omtalar i ein kort passasje at Knut og broren hans drog samen til slavarlandet for å henta mor si tilbake, då ho budde der. Det betyr ikkje nødvendigvis at mora var av slavisk opphav, sjølv om det er sannsynleg.
- Liber vitae frå New Minster og Hyde Abbey i Winchester inneheld ein tekst som fortel at Knut den mektige si søster heitte Santslaue («Santslaue soror CNVTI regis nostri»), som visseleg er eit slavisk namn. Ho kan sannsynlegvis vera oppkalla etter mor si, dvs. Świętosława.[2]
Remove ads
Nordiske kjelder
Ifølgje opplysingane i sogene var Sigrid Storråde dotter av den svenske stormmannen Skoglar Toste. Ho gifta seg i fyrste omgang med den svenske kongen Erik Sigersæl, som ho fekk den seinare kongen Olof Skötkonung med. Ho blei seinare skilt frå kong Erik, men blei tildelt Götaland som len. Etter at Erik døydde gifta ho seg med den danske kongen Svend Tjugeskjegg.
Sogene fortel òg at den norske kongen Olav Tryggvason i 998 fridde til henne, og at ho avslo tilbodet då han kravde at ho skulle omvenda seg til kristendommen. Ho sa at ho ikkje ville gje opp trua som forfedrane hennar hadde hatt før henne. I raseri slo Olav henne i ansiktet med hansken sin, og ho sa så roleg at det kunne føra til døden hans.[3][4] Sigrid samla så ein koalisjon av fiendane til Olav for å føra fram til fallet hans. Det lykkast henne å skapa ein allianse mellom Danmark, Sverige og den mektige ladejarlen mot den norske kongen. Hæren til Olav blei overvunnen, og han sjølv døydde i slaget ved Svolder kring år 1000.
Saxo stadfester delar av denne historia når han fortel at enkja etter Erik Sigersæl, Syritha, hadde gifta seg med Svend Tjugeskjegg etter å ha avvist Olav Trygvasson.
Sigrid i Ingvarssoga
Yngvars saga víðförla frå 1100-talet nemner henne i samband med Erik sigersæl:
- Hann átti Sigríði ina stórráðu ok skildi við hana sakir óhægenda skapsmuna hennar, því at hún var kvenna stríðlyndust um allt þat, er við bar. Hann gaf henni Gautland. Þeira sonr var Óláfr svenski.[5]
- Han var gift med Sigrid Storråde, men lod sig skille fra hende på grund af hendes vanskelige sindelag, for hun var i alle henseender en meget stridbar kvinde. Han gav hende Gøtaland. Deres søn var Olof den Svenske.[6]
Ho er også nemnd i ættetavla i Hervarar saga ok Heiðreks, som også skriv om Erik sigersæl at «han gifta seg med Sigri storråde» ('Hann átti Sigríði ina stórráðu.').[7] Dette tillegget finst ikkje i dei eldste manuskripta som er att av soga, noko som gjer dateringa usikker.
Kjeldekritikk
Den svenske historikaren Lauritz Weibull, som var ein representant for kjeldekritikken, hevda på byrjinga av 1900-talet at Sigrid Storråde var ein heilt fiktiv person. Synspunktet hans blei snart den etablerte oppfatninga. Weibull sin påstand bygde primært på at dei islandske sogene og Saxo frå 1100- og 1200-talet måtte reknast som totalt upålitelege som kjelder. Eldre kjelder som dei frå Adam av Bremen, som blei skrive ned kring 1075, såg på han som meir truverdige. Det var sogene som hadde opplysingane om Sigrid Storråde, medan Adam av Bremen hevda at Olof Skötkonung og den danske kollegaen hans Knut den mektige var søner av ei ikkje namngjeven vendisk prinsesse. I eit seinare tillegg til Adam sitt verk går det fram at namnet hennar var Gunhild. Thietmar av Merseburg, som var samtidig med henne, omtaler òg ei vendisk Gunhild. Dette namnet og Sigrid blei tolka som ein forvansking av det polske namnet Świętosława (sjå Swiatoslawa av Polen), som fekk namnet Gunhild då ho blei gift med Svend Tjugeskjegg. Dei fleste polske historikarar reknar Sigrid og Swiatoslawa som éin og same person, og meiner at Sigrid frå sogene er rein fiksjon.[8]
Opplysingane i dei yngre nordiske kjeldene avvik på fleire punkt frå dei samtidige krønikene som seier at Sigrid var av slavisk opphav. Ei muleg forklaring på dei to variantane av kvinna som Svend Tjugeskjegg var gift med kan vera at den danske kongen var gift to gonger, og at Adam av Bremen ikkje kjende til det. Dette betyr at Knut den mektige og Olof Skötkonung var blitt gjort til halvbrør ved ei misforståing. Thietmar av Merseburg nemner ikkje at den vendiske prinsessa Gunhild tidlegare skulle ha vore gift med den svenske kongen.
Remove ads
Arkeologi
Frå 1835 til 1977 blei Haraldskær-kvinna, eit moselik funne i ei myr i Jylland, feilaktig identifisert som ei kvinne frå rundt år 1000. Det blei derfor foreslått at ho var dronning Gunhild (eller Sigrid). Ei karbon 14-datering viste at tidfestinga ikkje var korrekt, men at kvinna i staden var eit eldre myrlik frå jernalderen.
Sigrid Storråde i litteraturen
Karen Blixen refererer til sagaforteljinga om Sigrid si innebrenning av ein belar for å avskrekka andre i novella «Syndfloden over Norderney» i Syv fantastiske Fortællinger.
Den amerikanske diktaren Henry Wadsworth Longfellow skreiv eit dikt med tittelen Queen Sigrid the Haughty, som har den følgjande fyrstestrofa:
- Queen Sigrid the Haughty sett proud and aloft
- In her chamber, that looked over meadow and croft.
- Heart's dearest,
- Why dost thou sorrow so?
Den svenske forfattaren Johanne Hildebrandt har skrive ein saga om Dronning Sigrid, med namnet Sigrid - Sagan om Valhalla.
Remove ads
Kjelder
Bibliografi
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads