Sigrun Eng
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sigrun Johanne Eng (fødd 5. juni 1951) er ein politikar fødd i Sør-Fron som representerte Buskerud fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1993-2009.
Eng er utdanna gartnar og blomsterdekoratør, og arbeidde som sjølvstendig næringsdrivande på Gol frå 1978 til -96. Ho var medlem av Gol kommunestyre 1983-91, dei fire siste åra som medlem av formannskapet.
I 1993 vart Eng vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og vart sidan attvald tre gongar. Ho var medlem av Næringskomiteen i den fyrste og den siste fireårsperioden ho hadde sete på Stortinget. I dei mellomliggjande åtte åra, 1997-2005, var ho medlem av Samferdslekomiteen.
Etter ho forlet Stortinget, dreiv Eng vidare blomsterforretninga si på Gol.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads