Sigrun Hoel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sigrun Hoel (fødd 10. oktober 1951) er ein norsk jurist, statstenestekvinne og organisasjonsleiar. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1984 til 1988 og var fungerande likestillingsombod i 1984, 1988 og 1991.
Remove ads
Liv og virke
Hoel blei utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1977 og arbeidde deretter i Trygderetten. Ho blei tilsett hos Likestillingsombodet frå etableringa i 1979, og var med å byggje opp institusjonen.[1] Ho var nestleiar hos Likestillingsombodet i store delar av ombodsperiodane til Eva Kolstad og Ingse Stabel. Ho var fungerande likestillingsombod i 1984, deretter i 1988 mellom Kolstad og Stabel sine ombudsperioder, og igjen i 1991.[2][3][4][5]
Hoel kom med i Norsk Kvinnesaksforening (NKF) som 25-årig jusstudent i 1976. Ho var leiar i det største lokallaget i organisasjonen, Oslo Kvinnesaksforening, i fire år, før ho i 1982 etterfølgde Anne Kari Lande Hasle som 1. nestleiar på nasjonalt plan. I 1984 etterfølgde ho seinare høgsterettsdommar Karin Bruzelius som NKF-leiar. NKF markerte hundreårsjubileet sitt på landsmøtet der ho blei vald til leiar. Dei to forgjengarane hennar var den fyrste og andre kvinnelege departementsråden i Noreg.[5][6][7][8]
Hoel blei seinare høgskolelektor i juss ved Høgskolen i Oslo og Akershus.[9] Ho var norsk representant i planleggingskomiteen for Nordisk Forum i 1988.[10] Ho var også medlem av Utvalet for menneskerettar.[11]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads