Sigurd Bonde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sigurd Bjørnson Bonde på Gulsvik (1412–1482) var norsk lendmann i nedre Buskerud på 1400-talet, og åtte jord i mange sokn.
Skiftet etter Sigurd Bonde er nemnd i eit norsk diplom frå 1482, der er sagt at han døydde kring kyndelsmesse det året. Av dette diplomet kjem det fram at Sigurd mellom anna åtte Ringnes i Krødsherad, i tillegg til jord i Sigdal. Han var gift tre gonger, siste gongen med ei Una Vebjørnsdotter, og før det med ei søster av biskopen i Oslo. Til saman hadde han fem born, og frå dei kjem ei rik etterslekt som finst i heile Hallingdal, Krødsherad og nedre Valdres.
Sigurd var son av Bjørn Bonde på Gulsvik. Far hans, som og heitte Sigurd, hadde i si tid kjøpt Gulsvik, og bygd opp eigedomen for ætta.
Tilnamnet bonde, som var bore av Sigurd og faren Bjørn, er rekna for å vera jamngodt med ein adelstittel på denne tida. Tilnamnet var og bore av andre framståande bønder i seinmellomalderen, mellom dei Bjørn Bonde på Ås nedanfor Oslo.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads